Sogndal Fotball

@sogndalfotball.bsky.social

Offisiell konto for Sogndal Fotball! STAO NO PAO!

Fotballfest på Fosshaugadn! Fotballens nasjonaldag, 16. mai, er like rundt hjørnet! Me inviterer til kamp mot Åsane, og ønskjer å sjå DEG på tribuna! Sogndal - Åsane Fredag 16. mai kl. 18:00 Fosshaugane Campus STAO NO PAO!

Bild

Det nærmar seg avspark mot Kongsvinger, og lagoppstillinga er klar! ⚡️ Kristoffer Steinset inn på midtbana! 🌪️ Per-Egil Flo tilbake i laget! ⚽️ Flataker og Hintsa jaktar nye scoringar! STAO NO PAO!

Bild

KAMPDAG! Det handlar om avansement i cupen, og Kongsvinger kjem på besøk! Hugs å kjøpe billett til 100,- då sesongkorta ikkje gjeld til denne kampen! Sogndal - Kongsvinger I dag kl. 19:00 Fosshaugane Campus STAO NO PAO!

Bild

Neste kamp! Me siktar oss inn mot runde 3 av cupen! Kongsvinger er motstandar, og me håpar å sjå dykk på Fosshaugadn! Sesongkorta gjeld ikkje i cupen, så me oppmodar om å kjøpe billett allereie no! Sogndal - Kongsvinger Onsdag 7. mai kl. 19:00 Fosshaugane Campus STAO NO PAO!

Bild

God morgon! Kva er vel betre enn å starte dagen med litt deilige jubelscener frå garderoben?🤍🖤 Sigeren mot Mjøndalen smakte godt, og på onsdag vil me sjå dykk på Fosshaugadn igjen mot Kongsvinger i cupen! STAO NO PAO!

Den avgjerande scoringa! Oliver Hintsa er i fyr og flammer, og scora sitt 4. mål på 2 kampar!🔥 Erik Flataker sitt innlegg frå høgre var perfekt, og vår svenske spiss stanga ballen i mål på fyrste stolpe! STAO NO PAO!

Me ligg under til pause mot Odd. Bortelaget kom best i gang med kampen og scora etter 15 minutt spelt. Karadn løfta seg utover omgangen, og Oliver Hintsa har stilt inn siktet! Me skal snu det i andreomgang! STAO NO PAO!

Bild

Sander Granheim feira sin fyrste proffkontrakt med denne nydelege scoringa! Etter ein corner vann Jamal Haruna ballen og svinga inn eit perfekt innlegg. I boksen venta den 17 år gamle midtstopparen og stanga ballen i mål på vakkert vis! STAO NO PAO!