Helge Torvund
@2rvund.bsky.social
Poet. Mind the gap between your meaning and the world.
Som eg tenkte, det er ei stund sidan du las noko av Nils Collett Vogt...
Månadens diktar på Diktkammeret er Anne Elisabeth Danielsen. Lenke i første kommentar.
Lurer litt på om det kan vera forsøk på svindel: Eg fekk ei påminning på mail om å fornya førarkortet. Eg har aldri hatt førarkort.
SEPTIM I SEPTEMBER Kvar dag er ein dag i verda. Eit møte mellom stilla og eit hav av jordfargar. Det som er på veg bort talar med tydeleg stemme. * Utdrag frå diktet "Septim i september" i diktsamlinga "Opnar døra i språket og går ut".
I Grafill si kåring av "Bokkunstprisen 2025" fekk "Ord på jord" diplom i kategorien SAKPROSA - BARN OG UNGDOM. JURYEN: "Bokens prosjekt er forbilledlig, og utførelsen likeså.. en inspirerende invitasjon til å senke terskelen og slippe fantasien fri. Det er inviterende, lekent og vakkert utført."
Ikkje alle er merksame på kor avhengige me er av kvarandre. "Don't bring me down!"
BLÅ MORGON VED RENNANDE VATN "Stilla er ikkje eit fråvær. Tvert imot, det er ei manifestering av nærvær, det mest intense nærvær." Robert C. Sarah
ψιθύρισμα - kviskring ψιθυρίζω - å kviskra ψιθυρισμός - psithurism: Gresk for den mjuke lyden av vind som suser i lauvet i skogen.
Mitt beste foto av denne blomen. Det fortener eit dikt på arkaisk bokmål: Nå kan du angre, frøken Flangre, at du ei ble med på festen. Jens og Helge måtte svelge all whiskyen selv, uten hedersgjesten.
SAMTIDIG I SAMTIDEN Tove Andersson har skrive ein lang omtale i Samtiden om jubilanten. Morten Brun har fotografert. Bak seg har den aktive jubilanten 55 bøker og 40.453 innlegg på Diktkammeret, et unikt og gratis lærested for poesi.
Av Katja Lang. "Mein Schnee" eit vakkert grafisk blad om einsemd i snøen.
2021 - bok til min 70-årsdag. Nå ser eg på skisser til omslaget til neste diktsamling som kjem januar / februar.
På min 75-års dag gir eg dykk denne gåva: www.krabbenpoesikritikk.no/arkiv/kan-og...
Kan og bør det uutseielege seiast? - Krabben
«Mange av oss opplever at nett det poetiske språket har den evna: Å få språket til å uttrykkje det ein ikkje trudde det var mogleg å seia med ord» I dette essayet reflekterer Helge Torvund over kva de...
krabbenpoesikritikk.no
Morten Brun fotograferte poeten Mads Rydman og underteikna i ein elevator i Stockholm. Opphaveleg i svart/kvitt, men i løpet av den lange natta har KI fargelagd dette. Mads Rydman gav ut si samling "Karavanföraren" same år som eg debuterte, i 1977. Veldig bra samling han hadde laga.
2021 - bok til min 70-årsdag. Nå ser eg på skisser til omslaget til neste diktsamling som kjem januar / februar.
Om eg kan seia det sjølv, så vart låvefisken ganske så fin og fast. Ugler i beste flygetid.