Sjå så fine dei har blitt! Dei to første Katastrofedagbøkene kom i dag frå trykkeriet. Det er enno nokre dagar til dei er klare for butikkhyllene, men klikkar du deg inn på Norli og bestiller bøkene no, kan du få dei med signatur og personleg helsing og alt du vil!
Kvar gong ungdommane seier "Oh my days" tenker eg at det berre er eit forkorta sitat frå Salmane: "Lær oss å telja våre dagar så vi kan få visdom i hjartet". Eg lovar, det hjelper heilt på ekte.
Etter to gode år hos meg, er det på tide å la grombilen reisa vidare. Det var gøy så lenge det varte - og for eit PR-stunt det blei!
Ein heilt ny serie for barn - på nynorsk! Dei fire første bøkene kjem snart, men går det slik eg har tenkt ventar det fleire titals bøker her i åra som kjem. Sjekk ut serien her: bok.norli.no/hamstertrobbel
bok.norli.no
Om det skal stå igjen ei setning etter årets påskeskandale, la det vera Mimir si påminning til alle hans støttespelarar til neste gong nokon andre går på trynet: Tilgjeving er ikkje ein knapp ressurs.
Skulde nokon av dykk vera i Rosendal og derikring måndag 30. mars, so skal eg og verfar til @anderstotland.bsky.social lesa eigne dikt på Isrosa-kafeen kl. 19.00. Fri inngang og høve til å kjøpa økologisk is og bøker. www.facebook.com/share/p/17YL...
Eg anar ikkje kva det er, men av ein eller anna grunn har det begynt å dukka opp nye omtalar av denne vesle boka mi frå 2016 i det siste - nesten 10 år etter at ho kom ut. Vaksne folk som les og set pris på boka. Tenk at Engel i snøen framleis finn vegen til nye lesarar! Det er skikkeleg fint.
Du skal vera ganske tjukkhuda for å turnera i barneskulen. Det blir ein del kommentarar og spørsmål av typen: Du har rart hår. Skjegget ditt er fint. Og kvifor har du så stor mage? I dag var det ei jente i Bærum som såg på meg og sa: Du ser snill ut.
Ungdomsbibliotekaren ga meg Engel i snøen til tenåringen som skal lese nynorsk før tentamen i morgen. Tenåringen har nå en høne å plukke med @anderstotland.bsky.social her hun griner og bare "hun dør, mamma! Det er ikke greit! Den var ikke koselig i det hele tatt faktisk!" (Gjorde inntrykk da!)
No er lydserien min ute hos Fabel. Første sesong i Katastrofedagbøkene har fått tittelen Hamstertrøbbel, og er basert på eit heilt ekte problem: Folk som gravlegg hamsteren sin når han ikkje er død, men i dvale. Spennande og morosam forteljing for barn. fabel.no/sjangere/bar...
Dette har eg gledd meg til å fortelja om. Eg har skrive ein heilt ny serie for barn som kjem direkte som lydforteljing på Fabel i haust, i samarbeid med eit skikkeleg stjernelag. Frank Kjosås har alt vore i studio for å lesa inn, og omslaget er laga av Bård Sletvold Torkildsen.
Har blitt intervjua om årets flauaste barnebok. Journalisten og eg var fint einige om at dette truleg er den einaste boka som både inneheld uttrykka "å salige såpekokar!" og "MILF". framtidajunior.no/2025/04/04/a...
Anders Totland: – Tenk om barna mine tar hemn? - Framtidajunior.no
Mamma på dass er namnet på boka, og ho handlar om ei jente og ein gut som nettopp har blitt tretten. Det betyr at dei endeleg kan laste ned og skape brukarar for sosiale medium. Låg på sofaen då tanke...
framtidajunior.no
Ganske ofte føler eg meg litt underpynta når eg går på kulturarrangement i islender, bustesveis og litt for langt skjegg. Men på kveldens bokprat med @audunlysbakken.bsky.social i regi av Sortland SV glei eg rett inn i forsamlinga. Nesten som ein slags kamuflasje.
No får du Gunnars rekordbok på tilbod for aller første gong. Rett og slett eit røvarkjøp. www.norli.no/boker/barneb...
Norli Bokhandel
norli.no
Narvik arrangerer denne veka landets største samling for godt vaksne folk som driv med Gubben og katten-cosplay.
Tuva Åserud frå avisa Sunnhordland har vore med meg på skulebesøk, og har laga ein skikkeleg fin reportasje som får veldig godt fram kva det er eg driv med når det står DKS på timeplanen. Tusen takk! (Kjærasten i 7. klasse er forresten lærar, om nokon skulle lura.)
Forfattar @anderstotland.bsky.social fortel at han har ein unge i 5. klasse, ein i 8. klasse og ein i 10. klasse. – Også har eg ein kjærast i 7. klasse!
Tiåringen blei litt skeptisk då eg ropte frå badet at ho måtte komma og filma meg. Sjølv her i heimen er ikkje det nett kvardagskost. Men i alle fall: Her fortal pappa på dass om Mamma på dass. Bestill gjerne boka her: bok.norli.no/mamma-paa-dass
Morten Svartveit er nominert til Storytel Awards - Den norske lydbokprisen for innlesinga av Vintertonar. Det synes eg er skikkeleg stas, og ikkje minst velfortent. Klikk deg gjerne inn og gje han ei stemme. Og høyr lydboka, om du ikkje alt har gjort det. awards.storytel.com/no/?award-ca...
Når eg ser på fredags-TV at barnebarnet til Arnold Børud velger niesa til Bjarte Leithaug som mentor i The Voice, og prøver å forklara greia til tiåringen i sofaen attmed meg, føler eg at eg kanskje har fått maksimalt ut av den litt rare kulturelle bagasjen frå barndommen.
Noko av det finaste med å besøka den same vidaregåande skulen fleire dagar etter kvarandre, er kjensla av å gå rundt i gangane og møta hundrevis av ungdommar som smiler varmt og helsar. Nokon stoppar opp og takkar for showet eller foredraget, men dei aller fleste berre smiler. Det er skikkeleg fint.
Ny bok kjem snart! Ganske sikker på at dette er den gøyaste boka eg nokon gong har skrive. Svært nøgd med omslaget, som er laga av Christoffer Grav. bok.norli.no/mamma-paa-dass
Hadde Odd Nerdrum fått ei dotter her, hadde han garantert kalla henne Skitur. Årets første. Rimeleg fint.
Starta året med varm badstove og iskald bading i sjøen under nordlyset. Herfrå kan det berre gå nedover.
Gjennom heile desember har eg insistert på at eg ikkje ønsker meg noko til jul. Men der tok eg feil. Tenk så fint å bu med nokon som kjenner meg betre enn det eg gjer sjølv. Bordtennis i stova? Heilt perfekt.
Berre ein liten snutt med piano, trøorgel og melodika for å komma i stemning til advent og sånn. Værsågod.
Startar dagen med tidleg ferjetur for å møta barneskuleelevar på Tysnes og Hatlestrand, og avsluttar med ein liten gjesteopptreden på julekonsertane til barnekoret Perlene på Halsnøy i kveld. Det er i grunn ein ganske fin kvardag, dette her.