Bjarte

@bjarte.bsky.social

Språk-, spel- og spritfyr. Ambivalent fotballfyr. Meir street dumb enn book smart. Sur og grei. Han/'an. a government drone or an alien spaceship

Tenk at awkward på eit tidspunkt har blitt teksta med fjomsete* *Eg har ein snodig, nostalgisk aften med Friends. Det held seg ikkje veldig godt, men nostalgi-faktoren er sterk in this one. På eit eller anna merkeleg vis var denne serien ankeret som fekk meg gjennom ungdomsskulen.

Eg synst heilt ærleg det er aldeles uhøyrd at det går an å kalla bandet sitt noko så urtåpeleg som "...and you will know us by the trail of dead" og samtidig laga eit album som er så uforskamma bra som Source Tags & Codes

Eg måtte gjera eit lite "from:me"-søk på "indignert" for å sjekka om eg hadde posta dette biletet før. Det TRUR eg ikkje eg har gjort, men til gjengjeld har eg tydelegvis posta ganske mange gongar at eg er indignert over noko. Uansett, her er ein gut som er ørlite indignert over eigen eksistens.

Ein ekstremt uentusiastisk Bjarte i SIF-drakt, med medalje rundt halsen og diplom i handa, på (det eg trur må ha vore) Vaulen Vårcup i (det eg gjettar kanskje kan ha vore) 1992. Eller 1993?

Det er FREDAG, og IKKJE BERRE er det fredag! Teksten eg sat med her nå, som var eitt enkelt teikn for lang, viste seg å innehalda eit dobbelt mellomrom, som jo betyr at teksten AKKURAT ikkje er for lang, som jo er HEILT PERFEKT! God helg!

Personen som fann på stadnamna langs Helgelandskysten, må skjerpa seg, for dette blir faktisk for dumt. Ein ting er at Torghatten høyrest ut som eit litt teit hovudplagg, men Gildeskål? Støtt?? Bolga!?!?

Kunne sverga på at det var Elizabeth Moss som var innom butikken og spurde etter Monin Lavendel nå. Berre litt overraska over at ho snakkar kav bergensk.

Eg har ingen enormt store kjensler for kongefamilien, men eg får ein slags melankoli i meg over at ein så stødig og heilt openlyst hjartevarm konge nå er borte, og det i ei mildt sagt uroleg tid i verda.