🎃 Frankensteinar

@filmloftet.bsky.social

Skriver om film på Filmloftet: https://filmloftet.no/ Sunnmøring, gift, og er ganske interessert i film og musikk.

Ferdig med Devs (2020). Blei ikkje noko stor fan. Der var delar eg likte. Men det blei litt for "The Matrix 2-skuffing" i at ideane og ambisjonen var så stor at det knekte på si eiga vekt. Veldig vakker serie, det var den!

Eg såg ein film i går eg nesten angrer på - dette er den mest skremmande skrekkfilmen eg har sett, for dette er skrekk, ekte skrekk. Threads frå 1984 (britisk tv-film), om kva som vil skje om atombombene blir sendt. Sett på YouTube.

Threads (1984) Eit mareritt utan like!Frå systemloggen på bloggen.

I kveld, medan regn og vind piska på vindauga, opna eg endeleg Crimson Peaks boksa. Bildet og lyd var ikkje anna enn fantastisk. Det er gotisk grøss på sitt beste dette her av Guillermo del Toro. Ein rein visull nytelse med magisk atmosfære. Filmen er betre no enn første gong. Tommel opp! 💀

Crimson Peak 4KCrimson Peak 4K frå Arrow

Det var litt av ei hyggestund eg hadde på Overlook Hotel i natt med Mick Garris sin The Shining. I dag var han endå betre, om eg skal trille terningar gir eg 5. Har skrevet om tv-seria, og litt sånn seria VS. filmen. Er du fan av boka, MÅ du sjå tv-seria. filmloftet.no/the-shining-...

The Shining (1997): Anmeldelse

Korleis står miniserien The Shining (1997) seg mot Kubricks klassikar? Filmloftet hyllar Stephen Kings undervurderte TV-versjon!

filmloftet.no

Eg sit no her og vurdera: skal eg ta meg nok ei skrekkfilmpause og sjå siste og fjerde sesong av "From". Like veldig godt sesong 1 og 2, og den tredje var bra nok. Så eg må sjå den fjerde. Eg tippar dei ikkje klarar å nøste opp i alle trådar og underhandlingar eller kome med ein fornuftig konklusjon

Ator diggar The Goonies. Eg diggar The Goonies. Eg blir glad når eg ser den har eit gjennomsnitt på 3.8/5 på Letterboxd og 7.7/10 på IMDB - dvs filmen har fortsatt mange fans, sikkert på alder med meg og Ator! Ator hyllar The Goonies på Filmloftet! filmloftet.no/goonies-skat...

Goonies: Skattejakt, skurker og ekte VHS-magi

Bli med tilbake til 1986! Ator tar et nostalgisk dykk ned i Spielbergs skattejakt The Goonies. Ekte eventyr, skurker og VHS-magi.

filmloftet.no

I dag fekk eg Raiders of the Lost Ark på vinyl. Eg har venta førti år på dette øyeblikket. Filmen er som sagt den aller største favorittfilmen min, nokosinne. Og John Williams sitt filmscore er perfekt, slik som filmen er. Dette blir ein lang filmusikk-på-vinyl-tråd 🧵

Raiders of the Lost Ark - John Williams - Verdas beste film!

Eg måtte sette meg til å rangere mine favorittskurkar i skrekkfilm (utan maske og sminke - del 2 kjem) og det var ikkje enkelt! Ei "Topp 25" liste! #filmskya Kva er filmskya sine store skurkefavorittar i grøssarfilmar? filmloftet.no/beste-skurka...

Spooktober: Dei 25 beste skurkane i skrekkfilm (Del 1)

Kven er tidenes beste skurkar i skrekkfilm? Filmloftet kårar dei 25 råaste grøssarkarakterane der skodespelaren gjer heile jobben!

filmloftet.no

Å finne inspirasjon til å begynne å ta bilder igjen er som å få liv i ein gammal og rusta plenklippar-motor. Men eg har lyst å lage eit oktober-prosjekt der eg tek bilder med tema: Grøss (på Vigra) Blir dette noko av - legg eg dei beste bileta i ein tråd her 🧵

Mine Nikon-kamera: D800 og D300. Objektiv: 24mm, 35mm, 50mm, 85mm, 400mm zoom, 16 zoom vid, eit gammalt Sony. Pluss to blitsar. D300 kjøpt i 2011. D800 i 2012. Alt eg treng!