FreddyBS - ᚠᚱᛖᛞᛞᚢ

@freddybs.bsky.social

Psykosprituelt umoden mann.

Jobbar i årevis med ein artist frå USA, får nei nei nei nei neineinei.. Startar arbeidet med 2027-lineup, og er pr. def i mål, men gidd ikkje ein gang vurdere å sjekke artisten frå USA, ref. neineineineineinei.. Telefon frå USA i kveld; artisten ønskjer å komme i 2027. Faen faen faen faen.

Eg sa nett opp abonnementet mitt hos Sogn Avis, og eg vedgår at eg ikkje har fulgt veldig godt med, men sånn er det. Men når Cato Husabø Fossen har tatt over som ansvarleg redaktør, så ser eg svært lite poeng i at abonnementspengane mine skal gå til ei avis som Fossen er redaktør i..

«Nordmenn er enslige, skilte, barnefamilier og gamle ektepar. Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter og jenter og gutter som er glad i hverandre. Nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og Ingenting». Kvil i fred.

Ein gong i tida var vi altså ein nasjon som heilt uironisk kunne ha ein konge ved namn Inge Krokrygg. For ikkje å snakke om den originale Hans Majestet Hans, som regjerte i perioden 1483–1513. No til dags skal det vere så rojalistisk pompøst. Sjølv drøymer eg om Kong Le. Høyrer du, Ingrid Alexandra?

VG har sak om det topphemmelige vassanlegget til Oslo, og det er superhemmelig kvar det ligg, fordi terrorfare. I avsnittet lenger nede, skriv dei kva som er kilden til drikkevatnet, som om det er umogleg å utføre terror i den enden.. Kan ein bassengrense vekk ei tønne med atomavfall, tru..? 🤔

BildBild

Grimstad er fin. Eg stod nettopp i pølsekø på Nottos då ei svært animert kvinne kom bort til meg, sleika seg på langfingeren og strauk meg så langs kjevebeinet. Kona mi stod attmed meg, og eg kunne i grunn berre konkludere med at eg framleis har draget.