Beinrangel 🦴

@ganskedum.bsky.social

Ho der i påbyggsklassa som aldri hald kjeft. 29 år, tek lektorutdanning m/master i nordisk hjå UiB, livredd nynorskentusiast, forelska i læraren, nordlending. ho ho ho homo Beinrangel.Kunst@hotmail.com GanskeDum på insta

Eg har halvtårsdag i august. I går satt eg ute – røykte og såg på fuglane – og tenkte "kanskje eg skal skaffe meg ein liten kikkert, så kan eg sjå på fuglane utføre vindauget mitt på triste dagar". Tredveåra. Tredveåra kjem etter meg, gjengen, dei er ute etter meg, t-h-eredveåraaa

Eg har ein d&d-karakter (tiefling, rosa, 54 år, death cleric, frekk, dårleg på sosiale koder) som har ein undead hund i form av ein pieced together irsk ulvehund og her om dagen sende ei venninne meg ein tiktok av irske ulvehunder og meldinga "eg savn Slav" og eg 😭 my fucking heart y'all 😭

Viss eg i det heile teke vågar å tenkje på å tenkje på korleis det eigentleg står til, sånn i det store bilete, så druknar eg umiddelbart, så for ein gongs skuld i livet har eg vorte ein sånn person som dyttar alt unna og ikkje tenkjer på ein jævla dritt og det er tbh skikkeleg skummelt

Gratulerer med "onsdag den 27. juli" og "3 minutter og 28 sekunder" og "en ren tilfeldighet på perrongen i Alvestad" og "klokken er 21.23" og "der venter tre mennesker akkurat nå" til alle som feirer.

Eg har enno ikkje sendt mail til Fincken om Skeiv Stille Bokklubb sjølv om eg har sagt til mange menneske at eg har tenkt å gjere det. Eg berre er ikkje ein organisator (??) på den måten! Det er skummelt! Men eg har likevel så sjukt lyst til å få det til