Eg treng fleire songar i kråkespelelista mi (kule songar å legge i bakgrunnen av kråkevideoane)
Den Kloke Lille Høna
@krissto95.bsky.social
Ho/ho. Ikkje julenissen, berre nynorske pronomen. Famlar meg gjennom høgare utdanning, underviser norsk på speed og skriv teksten du ser på TV.
Det høyrer med i forteljinga her at det har vore store leveringsvanskar på adhd-medisinar dei siste to åra - og så har det variert kva dei nektar å gi deg. Eg byrja berre med Elvanse fordi dei var tomme for Volidox...
Vi snakker så mye om å være forberedt på krig, så hvorfor produserer vi ikke egen medisiner da?
Den norske stat snakkar med to tungar om Israel. Barth Eide tek til orde for å «vise motstand» mot Israels krigføring mot Palestina, samstundes som dei insisterer på å gi alle norske pasientar medisin frå Israel (Teva) som «synonympreparat»
Akkurat idet eg skulle trykke «lagre søknadstekst», låste sida seg med beskjed om at «Søknadsfristen er gått ut», og det var jo passe antiklimatisk.
Dagens kråkeoppdateringar: TO kråkeungar er no observert i den vesle Høyden-familien, og i dag tok både Ho og Han imot mat i lufta! (Vanlegvis er det berre han som vil/får det til, medan ho ventar på at han går i bakken og plukkar han opp derfrå)
Har ting eg MÅ FÅ GJORT, KOM AN, NO MED EIN EINASTE GONG, og så har eg sete på dass og vore kvalm i ein time - utan resultat, forresten. Det er nesten så eg lurer på om eg er kvalm -fordi- eg har shit (hehe) to do.
Ikkje stol blindt på ISBN-koder, gutta. «Dekadanse», som i kulturomgrepet, har vorte «dekandansen», som fort vert noko veldig anna ... Eller noko litt anna. Eller kanskje det eigentleg faktisk er synonymt. Eg har ikkje sett så mykje dekandansing, for å vere ærleg.
«Nei, du har heilt rett, og dette er kvifor … Del 1 av 36» Min nye teneste for å erstatte ChatGPT
Det er så deiiiilig at også mainstream-media byrjar å slå sprekkar på KI-bobla
Kollegaen min og eg sat og okka oss over den dårlege teksten me måtte sitje og redigere i her hin dagen, og så runda han av ved å seie «men det går bra, KI skal jo gjere jobben vår lettare... anyday now...» og eg kan ikkje hugse sist eg lo så godt. Ja, hehe, snart 🥲
Eg har moglegheita til å gjere noko sjukt tidig no.....
Eg fekk nytt bankkort i mai, mitt første utan legitimasjon. Eg registrerte det liksom ikkje heilt før ho i skranken på apoteket sa: «Det er ikke legitimasjon på bankkortene lenger» 😭 kva meiner du 😭 må eg verkeleg flekke fram førarkortet kvar gong eg skal kjøpe snus eller hente ut medisin😭
har tenkt på denne TikTok-memen sidan me fekk beskjed om at me kunne hente bøkene våre (Tekst: «sjelden estetikk: du bombar masteroppgåva samstundes som du får publisert fagfellevurdert artikkel». TikTok-trenden er «rare aesthetic» med same format)
No når eg ikkje lenger er i skløttefasen av livet mitt, får eg utløp for pappakompleksa mine ved å slå av ein prat med mannlege professorar i von om at dei ein dag skal seie «eg er stolt over deg» eller kva det no er pappaar som liker deg seier
ba om vitnemålet mitt frå UiB 🤢 fekk vitnemålet mitt frå UiB 🤮 and heaven knows I'm miserable now
me omw for å søke på stillingar eg ikkje er kvalifisert for
You Do - Woman in Black Dress
ALT: You Do - Woman in Black Dress
static.klipy.com
idk eg føler berre at verda hadde vore ein betre stad om den sjølvtilliten som gjorde at Mussolini trudde han kunne få italienarane til å slutte å ete pasta, hadde vorte fordelt på alle verdas kvinner
Eg har ei liste med Wikipedia-artiklar eg skal redigere «når eg får ein ledig stund», men så langt ser det ut til at det vert i 2036 ein gong. Kanskje.
De kalles bare modale hjelpeverb hvis de kommer fra Modalen i Vestland, ellers er de bare musserende handlingsord.
Eg har litt anstrengde kjensler rundt at to av dei små slektningane mine er fødd og oppvaksne i Oslo og snakkar oslomål, men når dei spør «kan vi høre på Sokkane av Vinskvetten?» vert eg fylt med von og glede, altså
To ADHD-arar skulle reise frå sør til nord i dag, med ferjer i båe endar, og me sit no på ferjekaien med tjue minuttar til overs. Diplom takast imot på post 🤗
*spedbarnet Jon Fosse ser opp på den opphengde pynten over vogga* ei uro er kommen over meg
Oooof, eg kjem jo til å angre på dette (lære måken å ete frå handa mi, for å vise kråka at det ikkje er farleg)
bikkjen (pennalet) min aller beste venn, eg skal aldri miste deg igjen (eg gløymde det att på kontoret til rettleiar fredagen før masterforsvaret, og eg fekk det ikkje att før ei veke seinare!!! det var forjævleg!!!)
Hadde mindre tid etter jobb enn planlagt til å gjere heimen visningsklar, så middagen min stod framleis halveten på kjøkenbordet, og herreGUD, ein kan jo ikkje avsløre at folk faktisk lever her, så sjukt pinsamt!!!
Eg kallar dette kunstverket «Dei fire typane du treff i Bergen»