Lene

@lenesl.bsky.social

TBA på eit seinare tidspunk med meir overskot innanbords.

Peeps som har vore eller er gravid, kva er små ting og treats som gjorde kvardagen din litt lettare/finare? Skal sette saman og sende ein liten goodiebag til nokon som snart er halvvegs, og vil gjerne høyre kva dykk synast hadde vore fint å ha fått i ein liten goodiebag!

Ngl litt rart å gå forbi så mange åpne pissoar utan noko skjerming på veg heim i går, spesielt så nære ein barnehage som eit par av dei er.

Langst eit fortau står det eit ope pissoar ein kan stå og tisse nedi. Lenger ned i veien står det fleire.

Såg ei greie om ein kar som hadde sveipa høgre på 2 mill damer og endt opp med 2000 matches og 1 date. Dette skulle visst bevise noko om kjønn og datingapper, men på profilen sto det deriblant at han "may or may not currently own 33 snakes", så logikk og sjølvinnsikt skorta det jo litt på.

Hudpleiehjelp! Eg skal skifte merke, men klarer ikkje å kome meg på ein butikk for å få hjelp til å finne noko tilsvarande det eg har brukt før, veit nokon om gode nettsider for dupes og slikt? Slit med å google meg fram til noko fornuftig sjølv.

Andre forsøk på tapestry hekling. I hovudet mitt ville dette mønsteret ende opp med ein storleik ala eit A4 ark. Eg leste ingen instruksar for å sjekke om dette stemte. Bestilte garn på vibes og intet anna. Har eg lært at det kan vere lurt å lese instruksane først til neste gong? Truleg ikkje.

Skjermdump frå mønsteret si framside som viser det ferdige produktet. Ei havfrue i svart og kvitt. Øvst står det "Mermaid, tapestry pattern, Lakza crochet", nedst står det "skill level intermediate". Bilete av mitt ferdige produkt som ligg på golvet. Eg laga den i mørkeblått og dus kvit. Den er litt warped, strammare i nokre seksjonar og breiare i andre, men ser ellers ut som mønsteret. Handa mi ligg oppå det for å samanlikne at det ferdige produktet er mykje, mykje større enn eit A4 ark.

Har vore å pynta på arma mi att hjå Hilde! Grimhild the Stone Toad, frå ringenes herre RPGen eg er ein del av. Sheep Token, inspirert av nokre av favorittsongane mine frå bandet Sleep Token (Worsheep). Flaske Aqua Tofana (ingen relasjon til mitt noverande forhold). Og hekla Vessel til Hilde!

Ei tatovert arm, men fokuset er på den vesle frosken attåt olbogen! Den er i ein neotradisjonell stil som er meir som ein søt frosk du får i ei teikneserie for barn, med blå mage, grå hud og litt mosedottar her og der. Dette er frosken Grimhild og ho er utruleg søt! Biletet er opp ned, og viser innerarma opp mot armhola. Der er eit nytatover svart lambehovud, som har kjevebeina til ein ulv festa om snuten sin med raudt band. Dette er Sheep Token, og er inspirert av nokre av favoritt tekstane mine frå bandet Sleep Token Bilete av ei tatovert arm, men fokuset er på ei grøn flasle rett over olbogen. Den er relativt lita og søt, og har nokre blomer stikkande ut bakfrå. På lappen festa på flaska står det Aqua Tofana. Bilete som viser Sheep Token og Aqua Tofana tatoveringa tett veg, samt at du kan sjå den vesle Vessel dukka eg hekla til Hilde. Vessel er vokalisten i bandet Sleep Token, som vi begge er veldig fan av!

Hadde spart opp til å kjøpe meg sjølv The Folio Society si utgåve av boka Circe av Madeline Miller som eksamensgåve, og altså den er så sjukt fin at eg veit ikkje kva eg skal gjere med meg sjølv!

Bilete av boka, samt omslagsboksa som kjem med. Bokomslaget ser ut som eit måleri av ei dame i ein blå kjole. Ho står med ein skog, eit slags fjell og sola i bakgrunnen. Blikket hennar er ikkje rett mot deg, men ser meir opp og ut. Boksa er meir klassisk gresk stil i brunt og nærast gyllen sandfarge. Der er geometriske former, eit dyr som minner om ei løve og ei dame som går med den.

Mellom vanskene mine med time management og task switching var eg stressa nok med kor langt eg låg etter og alt eg ikkje rakk, så då nettlesaren fraus og slutta å respondere to minutt før fristen, medan eg prøvde å laste opp innleveringa mi, blei det faktisk litt for mykje.

Lene@lenesl.bsky.social · last yr.

At eksamen starter klokka 10 er faktisk ikkje greit, for eg evner ikkje å gjere noko produktivt i dei fire timane før okke som, så det blir jo berre fire timar med stressventing og nerver

At eksamen starter klokka 10 er faktisk ikkje greit, for eg evner ikkje å gjere noko produktivt i dei fire timane før okke som, så det blir jo berre fire timar med stressventing og nerver

ADHD er rare greier. Før panikkstuderte eg veka før eksamen, og det var ca det einaste eg klarte å gjere på eit semester. Utruleg stressande, hugsa nada etterpå, ikkje bra for helsa. No har eg meds og eit støtteapparat, klarer å jobbe jamnare og har ikkje panikken, som er bra, men også stressande?

Ser X-files for første gong. Har berre sesong 11 att. Artig start og ein slager her og der, men kva i all videste ver er dette rotet? Dei reboota heile greia så lenge etter, for kva enn dette er??

Notatar frå treningsøktene mine, ADHD edition: "I lost count cause I got too distracted by Pink Pony Club" "I have no excuse this time, turns out I simply do not know how to count" "I zoned out cause there was a cute dog outside and did too many reps"

Lene@lenesl.bsky.social · last yr.

Har brukt det nye treningsprogrammet mitt i to veker no. Eg har det i ein app der ein kan legge inn notater til ulike øvinger. To av notatane frå i går: "What in the absolute fuck???" "This felt a lot like attempted murder."

Det gøye med at så mange menn trur eg driv med pole, og poster meg sjølv i søte små outfits, berre for å få merksemd frå kåtkallar, er at eg i realiteten gjer det for alle dei heite, sterke og kule damene som gir meg dei mest oppløftande og eteriske komplimenta eg nokon gong har hørt.

Frykta for Schrödingers penis på damedoen er ganske nepe, med mindre du er ein weirdo som prøver å creepe på folk sine kjønnsorgan når dei prøver å gå på do i fred og mak som alle andre.

I høve han gjøken i USA som no vil kurere autisme, då vi er ei belastning som ikkje kan gje samfunnet noko, så er eg litt ukomfortabel med at ein del autistar med lågare støttebehov hoppa på "Nehei, eg er eit produktivt medlem av samfunnet eg!". Det er veldig slippery slope mot aspie supremacy ideen

Ein burde ikkje ta avgjernadar om å endre definisjonar i lovtekst basert på "basic biology", av same grunn som ein ikkje burde basere eit statsbudsjett på basic matte. Om dei berre hadde forhaldt seg til pluss og minus som du lærte det på grunnskulen, hadde det nok blitt ganske utdatert og unyansert

Eg sverger om ikkje folk som ser meg kanskje ein time her og der byrjer å tenke litt meir kritisk og slutter å seie at eg ikkje verker autistisk eine og åleine basert på det vesle dei har sett meg kjem eg til å bli betrakteleg mindre hyggeleg og diplomatisk i svara mine.

Var hjå Akademiet Kickboxing og Bokseklubb Trondheim og testa ut polestengene dei har fått no, og fekk nokre sjukt kule bilete tatt av Maren Lundmark attåt!

Lene iført svart shorts med høgt liv, svarts sportsBH og eit par boksehansker. Står i ein slags halvvegs sitt i ei polestang, medan eg ser mot venstre og slår fram med eine arma.Lene opp ned i ei polestand, eine foten stikk ned mot bakken og presser inn mot stanga, andre er hooka bak stanga og blir haldt fast av ei hand. Lener meg langt nok bakover til at eg ser rett i kamera og strekker ei hand mot det. Lene, framleis i svart shorts og sportsbh, har polestanga klemt mellom knea, held meg oppe med eine arma, og lener meg litt vekk og ser inn i kamera. To personer står med ryggen til kamera, begge i svart shorts og sportsbh, den nærast kamera er i fokus. Meir abstrakt vibes.

I Belgia har ein 24 år gamal gynekologistudent blitt dømt for valdtekt, men fekk ikkje straff då han visst var ung og talentfull, og å ha valdtekt på rullebladet ville ha negativ innverknad på jobbmoglegheitene hans??? Eg orker faktisk ikkje???

Eg hater aprilsnarr intenst, då eg har vanskeleg nok med å forstå sosiale greier frå før, om vi ikkje skal ha ein heil dag der folk med vilje prøver å lure deg for moroskuld attåt. Legg til prank kulturen som har vakse fram i nyare tid der folk berre er kjipe som fy. Ellers takk.

Om ikkje Outland snart sluttar å ommøblere kjem det til å klikke litt for meg, eg nektar å tru at dei ikkje veit at ei solid gruppe av kundane deira handterer plutselege endringar dårleg???

Men altså, kva er poenget med tiktok, får du i det heile noko ut av det?? Ja, for eg har ein feed der eg får opp korleis du gjer eit legosett for ei søt kanin om til ein facehugger, og det gav meg livsgnist nok for eit par-tre dagar, i allefall!

Heilt normal logikk: Har hekla i nokre år, kan lage ganske mykje kult med og uten mønster, og klarer no heilt fint å følge eit mønster på norsk som er merka øvet, sjølv om eg er vand med engelske omgrep. Men tenk om eg faktisk er ein idiot som har gjort alt feil og må rekke opp ALT?? Tenk om!?!?

I dag har eg lært at septum piercing passer imponerande godt til ein skikkelig god snurrebart, så misnøyet mitt over manglande ansiktshår og skeiv naseskillevegg har no nådd ei ny høgde.

Meg, confidently: eg skal ikkje gjere dårlege finansielle avgjernadar på ei stund no. Også meg: I confidently made a poor financial decision og eg er veldig nøgd med den!

Skjermdump frå kickstarteren Free League har for Alien RPG - Evolved Edition and Rapture protocol.

Enn å få ei av dei vakraste bøkene eg eig akkurat på gårsdagens bursdag, då! Den er så nydeleg at eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere med meg sjølv.

To bilete av ei spesialutgåve av boka A Dowry of Blood av S. T. Gibson og omslaget som kom med, eine av framsida, andre av baksida. Boka er raud med sølvfarga detaljer og pynt, på framsida står tittel og forfatternamn, på baksida står "this is my last love letter to you". Omslaget viser hovudkarakterane som om dei var eit fancy måleri. Alle er delvis kledd, nokre har blod på seg, alt ser dystert og gotisk ut.

Har om arkivrett dette semesteret, og medan åra med litterære studier har gitt meg litt for god evne til å skrive komplett svada som òg gir meining, er det å orientere seg i lovdata og å forstå seg på korleis eg skriv praktikumsoppgåve litt meir på bærtur. Bless den som skal rette arbeidskravet mitt