mole

@moleratnudism.bsky.social

Han/dei Tre pungrotter i ein frakk Dummedagspotet Kranglefant i recovery

Spørsmål til dokker andre som brukar såpestykke i dusjen: Blir huden dokkers også klebrig når du har skylt vekk såpa? Er det kanskje eit meg-problem, eller er det kanskje skill issue?

Korleis kjører dokker voksen.exe, forresten? Berre surrer det i bakgrunnen, må det preprogrammeres og settes opp i forkant, eller må du kjøre det manuelt?

Jepp, sjølvsagt. Lærte nettopp at marshmelloweksperimentet ikkje seier nokke om sjølvkontroll og utfall seinare i livet. Då det blei gjort på ny, med ei større, meir representativ gruppe viste det seg at det gjenspeglar økonomisk bakgrunn. Eller som nokken sa det, om du hadde lært å tru på ✨seinare✨

Likar at tonen her inne er "det som er urettferdig er at folk i arbeid tjener mindre enn det folk på trygd/stønad får, ikkje at folk på trygd/stønad får pengar til å leve av"!

Jaja, mykje fascinerande greier som foregår i britisk politikk. No har Zack Polanski blitt meldt til purken for å... hold dokker fast... vere tagga i ein IG post, der ein anna person i tskjorte med fransk barberkniv-motiv og teksten "we're only making plans for Nigel" var avbilda saman med Polanski.

Er "offerhierarki" eit borgarleg ord for "interseksjonalitet"? Berre at dei er so nedsylta i kolonistisk tenkning at dei tenker at alle meiner at kvite folk er meir verdt enn andre, og derfor er det meir synd på kvite når dei opplever urett... Altså, kva er dette for bakvendtland-pisspreik!

Det gjer meg så enormt trist og skuffa å læra at i forkant av angrepet mot Berlinpride hadde politiet veldig tett tilstedeværelse på Internationalist Queer Pride og brukte overdreven makt og vold mot propalestina-folk. "Takknemleg for politiets innsats" meg i ræva!

Hukommelsen min er wonky, er det vanleg praksis at me skal begynne å snakke om ideologien bak eit terrorangrep under eitt døgn etter angrepet og før gjerningspersonen er fanga/drept? Og er det så etablert praksis at det er kritikkverdig å ikkje vere i gang med fingerpeiking umiddelbart?

No som opplevinga har fått synka litt inn vil eg dela mine tankar om filmen. Den var bra! Men det skal jo storfilmar vere. *sender strengt blikk i retning Hollywood* Uansett; den var so bra at eg knapt rakk å tenke over at den varte ca ein halv arbeidsdag.

mole@moleratnudism.bsky.social · 2w ago

Eg gleder meg til det kjem sånn historian reacts på YouTube for The Odyssey, for det var nokken detaljar eg var nyskjerrig på. Ikkje at eg hugsar kva detaljar dette var, utanom om det er ein god idé å ete lotusblomar. (Dette er ikkje ein diss av filmen for å ikkje vere historisk korrekt nok.)

Eg gleder meg til det kjem sånn historian reacts på YouTube for The Odyssey, for det var nokken detaljar eg var nyskjerrig på. Ikkje at eg hugsar kva detaljar dette var, utanom om det er ein god idé å ete lotusblomar. (Dette er ikkje ein diss av filmen for å ikkje vere historisk korrekt nok.)

Er ikkje poenget med at troll sprekk i sola at sola er eit reint og sterkt lys? Føler at høgreekstreme har nytt godt av at det offentlege ordskifte dempa solskinnet for at det ikkje skal bli for ukomfortabelt for dei.