Nils Henrik

@nilshenrik.bsky.social

Bøker. Musikk. Fotball. Jæren. Popkulturguru med opprykk.

Mathis Albert (17) og Julian Hall (18) imponerte begge i debuten for USAs herrelandslag i fotball denne helga. Me ventar no berre på at det amerikanske fotballforbundet skal oppdage stortalentet Tyrone Royal (16).

Men sånn elles kan det jo vere verd å merke seg at det var to tidlegare Bryne-spelarar - Erling Braut Haaland og dødballtrenar Pål Fjelde - som såg til at Noregs herrelandslag i fotball slo Danmark i går 😎

Hm. Alle kan vere einige om at 3-2 er relativt målrikt, men er det målrikt _nok_ til å kvalifisere som «målfest»? Diskuter i smågrupper. Ta ansvar for eiga læring.

Haaland matchvinner da Norge slo Danmark i målfest

(Skjermdump frå jbl.no)

Eg forstår at Solbakken reagerer, men inst inne veit han nok at Løkberg har rett. Noregs herrelandslag i fotball får aldri nokon betre sjanse til å gjere det verkeleg store enn EM om to år, men då må lågastenivået opp. Viss me spelar som me spelte første del av 2. omgang i går kjem me ikkje til EM.

Solbakken ut mot NRK-ekspert: – Blir for dumt

Kristoffer Løkberg kalte Norges dårlige start på andre omgang mot Danmark for et «gufs fra fortiden». Det liker Ståle Solbakken dårlig.

nrk.no

Viss personen kjem nær open flamme vil konsekvensane kunne bli katastrofale, men _i seg sjølv_ har ikkje det å helle bensin på ein manisk person nokon annan effekt enn at personen vert våt og luktar bensin.

Bild

- Ja, Luigi, du hadde eit forslag? - Ja, eh, eg tenkte… kva viss me til ei avveksling spelar god musikk på eit passeleg lydnivå i frukostsalen framover, i staden for å blæste dårleg musikk drithøgt som me pleier? - _God_ musikk? _Passeleg_ lydnivå? - Ja? - LOL! As if, som ungdomen seier

På dette hotellet satsar dei hardt på å halde den gamle tradisjonen med at gjestene leverer nøkkelen i resepsjonen når dei går ut i hevd, og dei har teke grep for å sikre at alle etterlever dette. Roman for storleikssamanlikning.

Bild