Sølve Rydland
@solveryd.bsky.social
Politisk redaktør i Bergensavisen (BA).
Då den tidlegare spanske statsministeren, Mariano Rajoy, hevda at spelarane på det franske landslaget ikkje var franske, var det ikkje berre snakk om ein stygg feilpasning, men eit pinleg sjølvmål. www.ba.no/hogrekanten-...
Høgrekanten som måtte handtera eit sleipt innlegg frå den tidlegare statsministeren
Medan Lamine Yamal og det spanske landslaget imponerer med samspel på tvers av språk, kultur og historie, presterte ein tidlegare spansk statsminister å skåra eit pinleg politisk sjølvmål.
ba.no
Ting VM ikkje har: • To omgangar • Utsikt mot Ulriken • Fleire måsar og duer enn spelarar på bana • Bedre spelarar på benken enn på bana • Fråver av skåringsmusikk (skåringar, òg) • Raske briller • Kroneis frå Isbjørn-is • Castro som leikar i pausen • At legendane passar på at alle har det bra
Hadde eit stort behov for ein lang landslagspause, etter Brann sine prestasjonar og marerittet av ei skadeliste. I dag er det ikkje berre landslagspause, men VM-pause i tillegg. Snakk om vakuum!
Kva VM-eventyret betyr for Norge? Spør ei ung kurdisk jente, som kom til Norge i fjor, men som jubla høgast av alle då Norge slo Brasil. www.ba.no/joda-dette-e...
Nivået på internasjonal oldboys- og veteranfotball har aldri vore høgare. Perisic (37) og Ronaldo (41) skåra begge i natt, og denne Modric (40) som imponerte på Brann Stadion for 19 år sidan gjorde ein stor kamp. Og toppskåraren i VM kan òg meldast på i veteranklassen utan dispensasjon neste år.
Registrerer at Norge har komme lenger enn Tyskland og Nederland i VM i fotball. Det må vera eit eller anna som ikkje stemmer her.
No bytta akkurat Sør-Afrika inn More mi i 1/16-finalen mot Canada. Det er ein stor dag for heile familien!
Dei nekta å lytta til formaningane frå staten. No er dei mest eigenrådige av vestlendingane på full fart inn på verdsarvlista. www.ba.no/no-ma-staten...
No må staten gje oppreising til øltørste vestlandske anarkistar
Den mest anarkistiske vestlendingen er på full fart inn på verdsarvlista. Då skulle det berre mangla at staten gjorde opp for gammal urett.
ba.no
Kulturpris til dronning Sonja? Ja, dette kulturpolitiske krumspringet fortener nesten ein pris. www.ba.no/dette-politi...
Dette politiske kunststykket fortener eigentleg ein pris
Om målet var å irritera på seg eit nesten samla vestlandsk kulturfelt, var den fylkeskommunale kulturprisen til dronning Sonja eit kulturpolitisk kunststykke.
ba.no
Av og til er det tilfeldige så eminent regissert, at ein nesten kan lura. Eit kort hjørnespark unna ølteltet på Nygårdstangen, gøymer det seg ei sterk historie. Om fotball, alkohol og lagkameratar som ikkje fekk hjelpa ein venn i naud. www.ba.no/skamma-som-s...
Når det er VM om natta, er gode høgdepunktvideoar veldig vesentleg. Det KI-genererte rasket me får servert, er rett og slett ikkje godt nok. Om du kuttar John McGinn si skåring for Skottland før jubelen, mistar du heile essensen av kva fotball dreier seg om. Veldig dårleg klipping elles, òg.
Pssssst… Justine Kielland. Putt ho på bana, Grainger, så skal du sjå at det løsnar.
Når me først er inne på vikingkjøret. Norge kjem til å tapa mot England (slaget ved Stamford bridge). Britane kjem til å vera høge på seg sjølv nokre dagar, før dei tapar mot Frankrike (slaget ved Hastings). Guillaume erobraren, alias Didier Deschamps, kjem til å kunna ta det roleg fram til sin død.
Nærmare undersøkingar viser at Pesen, ikkje Kniksen, skåra for Norge mot Sverige. At ein videokonferanse hindrar at Wolfe gjentek bragda er ikkje mindre irriterande av den grunn.
Her kunne Wolfe vorte første bergensar sidan Kniksen som putta for Norge mot Sverige? Og så skal den pokkers videogjengen øydelegga absolutt alt.
Her kunne Wolfe vorte første bergensar sidan Kniksen som putta for Norge mot Sverige? Og så skal den pokkers videogjengen øydelegga absolutt alt.
Den mest kontroversielle avgjerda til styret i Sportsklubben Brann sidan 24. mars 1995. Gratulerer!
«Hamstring, lyske, kne og tå, kne og tå. Akilles, albu, gilmores groin, hei og hå. Vi ê brannskadet fra topp til tå. Men Kniklas ê frisk, og kan på vannet gå!» Før kampen: Brann - Bodø 10-1.
Slettebakken ❤️. Då verda kom til Bergen var det der det skjedde. Det første kjøpesenteret i byen og to modernistiske signalbygg, men òg storbyutfordringar. Sterk identitet, men òg stigma. Så måtte fortidas synder gravast opp. No! Ja, no kan det heilt store skje på Slettebakken. Om Bergen har lært.
Endeleg kan Slettebakken få som fortent
Idrettsbyen på Slettebakken er akkurat det Bergen treng. Akkurat der Bergen, men òg Slettebakken, treng det aller mest.
ba.no
Sidan Norge i dag arrangerer finalen i verdas største klubbturnering, nyttar eg sjansen til å dela denne på nytt: Det er på tide at norsk fotball både tar kvinnene og publikum på alvor. Òg i kvardagen. www.ba.no/desse-er-vik...
Desse er viktige for norsk fotball, men berre på papiret
I teorien er utviklinga av kvinnefotballen høgt prioritert i norsk fotball. I praksis er det framleis ein lang, lang veg å gå.
ba.no
Spør for ein venn: Midt i historieforteljinga om at me eigentleg er nokre hardbarka vikingar, som har vakse opp under ekstreme forhold, og slettes ikkje er verdas mest bortskjemte gjeng. Er det sosialt akseptert å først og fremst sjå på VM som ein (for ein gong skuld) etterlengta landslagspause?
Er ekstremt glad for at Freyr i Fotballpreik er tydeleg på at Brann ikkje skal parkera bussen. Lukeparkering med buss har vel aldri vore den sterke sida til Sportsklubben, for å seia det litt forsiktig.
Terminlista i Toppserien er det nærmaste ein kjem ei oppskrift på korleis norsk fotball ikkje skal nå eitt av sine viktigaste mål. Les kommentaren! www.ba.no/desse-er-vik...
Desse er viktige for norsk fotball, men berre på papiret
I teorien er utviklinga av kvinnefotballen høgt prioritert i norsk fotball. I praksis er det framleis ein lang, lang veg å gå.
ba.no
NFF. Å påstå at Dragsnes er ein meter i offside i den situasjonen er ein bløff. Ein bløff!
Taklar systemet køen i år, tru? Får angst berre av å logga meg inn på billettsystemet til NFF.
Kjekt å sjå at ein har slutta med var i eliteserien. Men meir «clear and obvious» trøyehalding er det lenge sidan eg har sett. Såg ikkje Saggi det?
To lag med totalt 14600 partoutkortinnehavarar som skal spela cupfinale på eit stadion som tar 28000. Det burde vera ei smal sak å få nok billettar til dei som er fast inventar, og i tillegg setta av litt til organiserte supportarmiljø og dei store diasporaane til begge lag i Oslo. Kom igjen, NFF!