Øystein Vidnes

@vidnes.xyz

Formgivar og språkarbeidar. Varierer mellom å fylle dagane med å designe og å omsetje bøker – og av og til andre greier. Utsklidd sunnmøring busett i Leikanger i Sogn. Kontor på loftet til Skald forlag. Sporadisk oppdatert portfolio på vidnes.xyz.

Eg oppdaga den brasilianske forfattaren Machado de Assis for alvor då vesle Ka forlag i 2013 gav ut romanen «Brás Cubas’ posthume memoarer». Omsetjinga til Christian Rugstad gav meg tiårets største lesaroppleving, om ikkje hittil i tusenåret. Her er eg, Machado og ei hengekøye ved norsk fjord.

Reading Machado de Assis in ha hammock by the Sognefjorden in the summer of 2014

Akkurat som med folk, er det enkelte bøker som vrir og vender seg og kjem baklengs ut i verda, dette er tydelegvis ei av dei. Her er altså vrangsida av ei komande bok.

Back cover of a coming book.

Teaterhending! Dei jobbar hardt borte på Det Norske Teatret. Veldig hardt. Kan hende er det er det Pippi og Björn Ulvaeus som stikk seg mest fram, men på same tid vaklar dei seg no på spreng gjennom urtåka på jakt etter sivillisasjonens fødsel. Kven er vi, kvar kjem vi frå?

Ødipus (Frode Winther) og Iokaste (Gjertrud Jynge) i prøve på Antropolis, 17. mars 2026

Foreldreliv. Eg oppdagar ein haug legofigurar liggande på bordet utan hovud og kjem med følgjande pappavits: «Er det den franske revolusjonen som har vore på ferde?» Då dette blir møtt med eit anerkjennande smil og nikk frå tiåringen, får eg kjensla av å vere i ferd med å lykkast med noko i livet.

I morgon ettermiddag møter eg Mirko Stopar til ein prat om ei av verdas klart sprøaste bøker. Mirko er ein kjennar av forfattarskapen til Roberto Arlt, vi har prøvd å få til eit møte sidan omsetjinga av «Sju galningar» kom ut for to år sidan. Og no blir det endeleg, på biblioteket i Bergen.

Sju galningar: En samtale om kjeltringer, skitten realisme og oversettelse

"Sju galningar" av Roberto Arlt regnes som et hovedverk i argentinsk litteratur. Samtale med Øystein Vidnes og Mirko Stopar.

bergenbibliotek.no

Her er eit nytt bidrag i biletsjangeren «Vanitas», ikkje for å peike på døden, men på tabloidavisa Morgenbladet og kritikar Erik Riis Mossefinn som har gjort ei vurdering som fell heldig ut for ein for lengst avdød, men smilande forfattar.

Bokmelding i Morgenbladet av George Eliots roman Silas Marner (Skald forlag 2025, omsett av Øystein Vidnes), med ingressen «Et lite mesterverk fra 1861 er den beste romanen gitt ut på norsk i år».

Død og pine, ny gammal bok i hus! Tradisjonen tru må ho ut på kontorbalkongen for fotografering. Denne gongen får ho med seg eit slitt eksemplar av Frankenstein, i lag med min glade kompanjong Yorick.

Norwegian editions of Frankenstein by Mary Shelley and Silas Marner by George Eliot.

Den øyredøyvande stilla på kontoret idet ein har sendt ting i trykken. Når det er ute av hendene og skal få renne ut i verda på eiga hand? Baksida av ei komande bok.

Men språket er ein bekk som nesten alltid smakar av mange slags mold. / Omsett av Øystein Vidnes

Kvar dag, på veg opp trappa frå soverommet, støter eg på Dag Solstad, om eg er søvnig kan eg kome i skade for å skubbe til han med skuldra. At hans meir mobile, uføreseielege, verbalt slagkraftige og vimsete biologiske framtoning er borte, er eit tap, men i denne trappa blir han ståande.

Bookshelf, Dag Solstad

Litt gjentaking på min kanal, men teksten min om bokbyen i Fjærland blei eigentleg skriven på oppdrag frå den gode redaktøren i tidsskriftet Vagant, Audun Lindholm – som òg har jobba i bokbyen i si tid. Også nordens leiande kulturtidsskrift har eit hjarte for denne vesle utopien inst i ein fjord:

Bokbyen i fare Sogndal kommune på ville vegar

Bokbyen i Fjærland viser ein mogleg veg vidare for døyande lokalsamfunn. Denne vesle utopien som har kosta kommunen knappar og glansbilete, er no truga av ein reduksjon i den minimale støtta.

vagant.no

Dokumentarserien «Tyskland på tvers» rullar vidare, med episode 2, Hagenow–Halle. Einsformige parti blir fylt av favorittaktivitetar: Teikning (eller teiknologi, som det heiter i femåringens vokabular) og løysing av matteoppgåver.

Bild

Klare for dokumentarserien «Tyskland på tvers». Første episode: Kiel–Hagenow. Forteljarteknisk ikkje avansert, men widescreen-formatet fengar.

Bild

Høyrt på det lokale biblioteket i Midtre Gokk: Tre elleve-tolvårige jenter kjem inn. Med stjerner i auga lar den eine blikket sveipe over bokreolane og seier: «Vi kan late som vi er på eit kjøpesenter!»

Før sommaren kjøpte eg eit kamera frå 1974 og ein liten stabel film, berre for å kunne nyte at sommarminna mine no ser 50 år gamle ut.

BildBildBildBild

Kremt. Opnar munnen i nytt medium med ein liten brannfakkel om bøker og trykking. Har du sett deg ned med ei ny bok og opplevd at bokstavane liksom flyt litt ut på papiret? Det er vel synet, tenkjer du. Og konsentrasjonsvanskar. Men er det forklaringa? Her er fire nærbilete av nyare norske bøker.

BildBildBildBild