Han Argve

@argve.bsky.social

Din jamnt over arge Arve 🏳️‍🌈

Ein ting eg diggar er når eit tre veks seg inn i tingen den står inntil. Smeltar kring den som verdens treigaste T-1000 terminator. Elskar opplegget.

Visit Kvistdal . com nettstadsindeks: Lokalhistorie Kjente Kvistdalingar Tida som eigen kommune Verdskjende bergarten kvistdalitt "Nasjonal"retten Kvistdalspose Biletegalleri av Kvistdal (5870 items)

Folk, normies, på fritida: badar, går fjelltur, museum, café Meg, brilliant, på fritida: handristar fem kubikkmeter høy over ei presenning for å samle frøa til å lage blomstereng

Finnes det kart over bygninger i Oslo som står tomme? Brukte en del tid i fjor å lete etter blant tomme lokaler som eies av Oslo, men det er langt flere som står tomme. F.eks. gikk jeg forbi Stenersgata 22 hvor 2-4 etasjer over er tomt. Nysgjerrig på hva som er i disse lokalene. Gamle bygninger.

Knut Aslak: - så stod traktoren med nasen nedi møkkakummen til slutt da Svein-Per: ja nei typisk Arnt Vidar: hatar når det skjer Meg: litt som når du har brukt alle spell slots og skal forsøke cantripe deg ut av underdark Knut Aslak: Svein-Per: Arnt Vidar: Meg: eller i bossfight utan MP

Tenkjer på korleis eg som guttebass var forma av å lese mine foreldres gamle serier av Donald duck, fantomet, Asterix, og lucky luke, medan mine hypotetiske born 100% kjem til å smuglese mine Monstress, K6BD, BAA, og M

På same måte som at Hobsyssels folk er etterkommarane etter Stoorar, Blakkenskinner og Hørføtter som vandra frå Rhovanion og Anduinføret over Tåkefjella og inn i Eriador, må ein ansjå Romsdals fogderi som eit amalgam av det gode folket frå Lesja, Lora, og andre nordgudbrandsdøler

Om ein tek ein boks iskrem med bitar av småkakedeig, og pirkar ut alle bitane med småkakedeig for så å trykke alle bitane i hop og steike desse som småkaker, blir det då småkaker?

Etter at eg tok over gard så har slekt og bekjente teke til å spør meg korleis det går og om eg likar det med same tone som om eg hadde amputert auga mine og blitt røktar for ein flokk frittgåande flodhestar med ADHD

Kjære profesjonelle aktørar som skal kommunisere arbeidsrelatert informasjon til kundar: 😍 EMOJIS ER ✨ IKKJE ✨ DEN AVVÆPNANDE 🤸 OG SAMTALELETTANDE🤗 KOMPONENTEN 🎊 BESKJEDEN 💐 DIN BEHØVER🥳 NO 🕛 GÅR 🏃‍➡️ EG UT I SKOGEN 🌲 OG JULAR 👊 EIN STEIN ⛰️