Hougi

@hougi1899.bsky.social

🇧🇻Viking FK, byas i eksil på Jæren. Elskar breddeball i inn- og utland. Spør meg gjerne om banehopping i Japan.

Eg var heilt sikker på at eg såg Tv2-grafikken i hjørnet med "Dunsby gult kort" etter sklitaklinga på Moi i slutten av første omgang. Fann det i Fotmob og, i 34'min. No er det borte. Var det berre meg?

⚽️ Sandnes Ulf - Bryne FK 🏆 OBOS-ligaen 🏟 Østerhus Arena 📅 22.08 Vesle jærderby sitt, dette. Rotete men spanande kamp der det heile tida verka som at Bryne hadde meir på lager enn skadeskotne, formsvake Ulf. Burde ha scora, heimelaget, men Bryne tek det likevel fortent 0-1. #groundhopping

BildBildBildBild

Viss nokon lurer på kva Tokmac Nguen held på med for tida, så er det altså å spele fotball for Tochigi City på nivå to i Japan. I dag scora han to mål og snudde kampen borte mot Sagan Tosu (ex-Fernando Torres). Tochigi C har nett rykka opp tre år på rad og gjennomført ei Juve-aktig rebranding.

Bild

⚽️ Tjensvoll FK - Stavanger IF 🏆Rogalandscupen (8-dels) 🏟 Sørmarka Idrettspark 📅 15.08.26 Det meist lokale lokaloppgjøret? Klemt inn i eit hjørne mellom ishall og motorveg. Enorm kamp av Tjensvoll (6div), som leda tidleg. SIF(5d) pressa på for utlikning, men det endte til slutt 5-4. #groundhopping

BildBildBildBild

Du løper så fort du kan inn i ein 50-50 duell, misser ballen totalt, og sett alle knottane høgt på leggen, med kraft, på motspelaren som kjem først i situasjonen. Heilt korrekt raudt til Vester. Men kva med Bilal Njie?

⚽️ Lyngdal - Donn 🏆 4.div agder 🏟 Lyngdal stadion 📅 04.07.26 Min bane nr 100 i Noreg vart markert med eit hederleg 2-3 heimetap og ei signert vimpel for anledninga. Forøvrig også min kamp nr 400 i appen. Takk til Glenn og Otto i Lyngdal IL! Fantastisk anlegg og fint ver. #banehopping

BildBildBildBild

⚽️ Buøy IL - Sunde 2 🏆 7. Div 🏟 Hompen 📅 03.06.26 Kva er vel betre enn litt øysafari midt i veka? Heimelaget med best spel, men resultatet vart 1-1. Har buøy dei stiligaste draktane i lokalfotballen? Unik i stilen, fin utan sponsorar. Min bane nr99 i Noreg. #groundhopping

BildBildBildBild

⚽️ Vardeneset BK - Midtbygdens IL 🏆 4div 🏟 Byggmester BOB, Tasta 📅 29.05.26 Ikkje vore flink nok til å leggje ut om kampar så langt i (v)år. Kjekk fysste tur til Vardenes, fin kiosk og artig med speaker i fyrtårn. Pent trøstemål i krysset for MIL, men VBK spelte dei lågt heile matchen og vann 7-1.

BildBildBildBild

⚽️ Rangers - Dundee United 🏆 Scottish Premiership 🏟 Ibrox 📅 04.04.26 Trur me hadde dei verste plassane på stadion mtp sikt, men det låge taket holdt unna regnet. Legendarisk stadion. Av prinsipp ikkje så veldig fan av nidviser om paven og bading i katolikkblod, men det høyrer vel med. Endar 4-2.

BildBildBildBild

⚽️ Bologna - Udinese 🏆 Serie A 🏟 Stadio Renato Dall'Ara 📅 23.02 #groundhopping Rett inn bak Kitakyushu på lista over favorittstadion. Nydeleg by, majestisk stadiontårn, topp stemning. Birra Moretti i skjegget, jakka totalt innrøykt. Bernadeschi matchvinnar med 1-0 frå 11meter.

BildBildBildBild

⚽️ AS Roma - US Cremonese 🏆 Serie A 🏟 Stadio Olimpico 📅 22.02 #groundhopping Mektige curva sud på høgre skulder, stor stemning og etter kvart eit godt resultat for giallorossi. Dei fekk sjølvtillit etter to cornermål, og spelte seg mot slutten til ein haug av sjanser mot Thorsby & co. 3-0

BildBildBildBild

⚽️ Montespaccato Savoia - Nocerina 🏆Serie D 🏟 Stadio Don Pino Puglisi 📅 22.02 #groundhopping Gjekk inn på feil side, måtte ut 12€ som bortefan. 150 svartkledde ultrà frå Nocera. Kom ut til heimefansen i pausen etter å ha snakka med vekter, politi og SLO til bortelaget. Heftig tribune, 0-0 på banen.

BildBildBildBild

⚽️ Ajax - NEC Nijmegen 🏆Eredivisie 🏟 Johann Cruyff ArenA 📅 21.02 Utnyttar tiden godt på lang mellomlanding på Schipol. Toppkamp og nytt land i appen (nr 16). Ikkje veldig imponert av nivået verken på banen eller tribunen, men koste meg ligavel. Ender 1-1, NEC stadig foran på tabellen. #groundhopping

BildBildBildBild

Det snør på Jæren. Og eit lag samansatt av habile amatørar frå lokale lag i 3., 4. og 5.div har nett spelt uavgjort mot Bryne FK, 1-1. Kjekk men kald kveld på Klepp.