@kvifor20.bsky.social

Seglarkongen. Jegerkongen. Bilkongen. Naturkongen. Turkongen. Inkluderingskongen. Latterkongen. Kjenslekongen. Fylkeskongen. Kommunekongen. Noregskonge. Folkekongen❤️

Eg er so lei KI. Eg trur vi vert hjernesløve og inkompetente til slutt. Den dagen det brenn på dass so sit vi der og ikkje anar korleis verda fungerer utan. Skremmande.

God natt til deg som ventar. Lengtar. Til deg som har funne di hamn og til deg som framleis er på leit. God natt til bymus og landmus. Husmus og fjøsmus. God natt og la uroa og tunge tankar ta pause. God natt💙

Bild

Trudde eg hadde sett det meste, men i dag vart eg vitne til full krangel i eit kommentarfelt under ei sveleoppskrift🙄 det var feil røre, feil hevemiddel,feil deling av svela, feil smør,FEIL MÅTE Å HALDE SVELA PÅ. Makan! Folk er heilt utrulege. Men heller det enn anna netthets.

Altso; eg skal måle huset og ser at det er regn kvar dag framover til slutten av juni. Men vert eg slått i bakken av negativitet? Å neida. For det er nemleg 0% sannsynlighet for frost, og det er jo kjempeflott 😊

Donald Trump ser på seg sjølv som sin beste rådgjevar. Litt som meg. Eg er min beste rådgjevar. Det kan jo forklare eit og anna feilsteg her i livet. Eg klarer i der minste å innrømme mine feil og at rådgjevaren min kanskje ikkje alltid har rett.

Smått interessant når nokon gjere det slutt med deg og grunngjev det med: du fortener nokon betre enn meg. Då må det vere lov å tenkje at den nye flammen til vedkommande ikkje fortener so mykje meir.

Santelmann er god i rolla som Harry Hole. Men, for min del kunne Harry Hole blitt spelt av Rune Rudberg, Kong Harald eller Jan Thomas. Eg er framleis ikkje komen over at ein austlending spelte Varg Veum. Makan!!

Tre brødre. Kan det vere Ole,Dole,Doffen? Joe,Jack og Avrell frå Daltonbrødrene? Olsen Brothers + ein ukjend bror. Ylvisbrødrene? B-gjengen? Carl, Brian og Dennis i Beach Boys? Eller, kanskje det rett og slett er tre brødre som ikkje er brødre; Eia, Johansen og Antonsen.

Er på Wig Wam-konsert via døtra på Snap OG skriv ei pressemelding på vegne av Sogn og Fjordane Mållag. Det var ein kombo eg ikkje såg komme. Men, eg likar det.

Søkte opp trekkspel i Epstein-filene og eg er mildt sagt ikkje blid. Snakk om å dra eit uskuldig instrument ned i skiten. Makan.

Har fått meg nye ( store) progressive brillje. No ser eg verda på ein ny måte, men mykje er like gale som før. Ikkje vart eg so mykje smartare heller.

Bild

Eit ynskje for 2026: ja,det er fint med fred og slikt,men akkurat no ber eg om at vi kan få ein annan patent på korkane på mjølkekartongen. Eg trur ikkje det er dette som reddar verda eller kvaliteten på mjølka. (og før nokon vert i harme over min overfladiskhet: Jo, eg ynskjer meg fred på jorda og)

Bild

Godt nytt år til deg som ventar. Lengtar. Til deg som opplevde eit ræva år. Som knapt har holdt hovudet over møkka. Klapp på skuldra. Du kom deg gjennom det. Godt nytt år til deg som har fine ting i vente. Som er på livets opptur. Ingenting er betre enn det. Godt nytt år til absolutt alle💙💙

Bild